Vintersolkverv, fullmåne og den stille, sarte tida

17.12.2018

Det er lengsel, håp og glede, og fred ! Lengsel etter å kjenne på ei større meining i livet og håp om meir lys og kjærleik. Naturen som ligg der og kviler i mørket inviterar deg til å søke inn for å finne ditt indre lys. Finne fred og ro !

Sola snur 21.12 og fullmånen lyser opp nattehimmelen 22.12


Vintersolkverv

21.desember er det vintersolkverv og vi har årets mørkaste dag her på den nordlege halvkula. Sola snur og vi går mot lysare tider. Det er lyset sin festdag. Det er håp og lengsel etter meir lys. Naturen ligg der stille og mørk og inviterar deg til å verta kjent med ditt indre lys. Kva lengtar du etter ?

Denne dagen er merka som ei Sol på primstaven, Sola som er vår livgjevande planet. Ved vintersolkverv går Sola inn i Steinbukken sitt teikn, eit kardinalt jordteikn. Alle kardinale teikn handlar om eit skifte, om å starte noko nytt, ein ny sesong. Vi har Steinbukken ved vintersolkverv og Krepsen, det motsette teiknet, ved sommarsolkverv/midtsommar. Væren startar ved påske, ved vårjamndøgn, medan Vekten er teiknet på motsett side, på haustjamndøgn. Dei er alle teikn for ein ny start, ein ny moglegheit. Dei er alle igangsettande teikn.

Ansvar for deg sjølv og andre

Steinbukken er eit jordteikn.  Steinbukken veit at skal ein lukkast er det hardt arbeid som skal til. Steg for steg bygger han sin heim og sin arbeidsplass, grunnmuren må vera solid elles kan det rase. Steinbukken passar på at alle i slekta kjem seg trygt fram. Det er eit stort ansvar som kviler på ein Steinbukk. Men Steinbukken veit at vi har eit kall, at vi alle har kome her for å vera betydningsfulle på kvar vår måte.

Tradisjonar

Steinbukken er teiknet for tradisjonar og det er vel ingen høgtid vi er så oppteke av tradisjonar som jula. Vi skal ha juletre, vi skal ha bestemt slag mat og vi skal hygge oss med familie. Det er noko jorda og trygt over det. Mange kan slite med alle desse tradisjonane når det går mot jul. Det er som eit indre press om å gjera som før og nå alt og alle, vera snill og pliktoppfyllande. Trur det er viktig at alle finn sin måte og feire på og gjera det som gjer deg mest ro i denne høgtida. Det som kjennes rett ut for deg og dine næraste.

Jul - stillheit og ro

For meg handlar jula og adventstida meir og meir om å finne ein ro, ein indre ro. Ein treng ikkje vera med på alt som skjer rundt omkring. Dei stille dagane der roen senkar seg og du har dine næraste rundt deg, dei dagane skal ein ta vare på. Utan kav og mas og tidspress. Før var juleaften etter klokka tolv og fyrste juledag to dagar der det skulle råde fullstendig ro. Ein skulle ha gjort alt klart, t.o.m veden ein trengte for fyring skulle ha vorte bore inn. Ingen besøk, kun dei som budde i huset eller på garden. Det skulle vera stillheit og ingen naboungar skulle ut og leike med kvarandre. Det einaste arbeidet ein fekk lov til å gjera var å stelle dyra. Alt ein hadde av lys i alle rom skulle vera tent, ingen rom skulle vera mørke og stjernehimmelen kom med sitt bodskap. Det var feiring av lyset og kjærleiken, stillhet og nærværet og Jesu fødsel.

Juleneket skulle hengast opp klokka tolv på juleaften. Bønn om det fruktbare, om at naturen skulle kunne gje ein det ein trengte og sjølvsagt var det mat til dei minste ute i naturen.

Jesu fødsel - ditt indre barn

Juleevangeliet vart lese opp. Jesus fødsel. Eit lite barn som er fødd og kjem med håp om noko nytt, noko som er i sin spede byrjing. Ditt indre barn, ditt indre lys, din kraft og din styrke. Du skal skine som den stjerna du er slik at andre ser deg. Slik at du kan gje håp og trøst til dei som treng det. Med alle julegavene syner vi vår generøsitet. Dei er ytre symbol på kjærleik i jula. Men ditt nærvær, din hjartevarme og din utstråling er det viktigaste, om du vågar stole på det.

Eg trur vi alle vert invitert til å kjenne på vårt indre lys i jula, kjenne korleis det står til, om det er ein indre sterk flamme, stor eller liten. Ta vare på vårt indre barn, gje det kjærleik, slik at det kan vekse seg stort og sterkt. Vi får eit større nærvær til livet og meininga med livet i julehøgtida. Det kan vera sårt og vanskeleg og kaotisk, men det kan og vera sterkt, roleg og fint. Det er som om alle kjenslene ligg der under eit tynt slør denne tida, noko sårbart, veldig sensitivt. Det kan vera ei tid for å vende blikket innover på denne tida fordi det nettopp no er lettare å få tilgang til dette indre, dette sårbare som vi alle er bærerar av. Desse dagane i jula byr på stillheten du treng, om du ynskjer det. Nokre hevdar at visse typar englar har eit større nærvær til oss desse dagane, om du trur på det. Dei er der med sitt nærvær slik at det er lettare å nå fram med dine bøner og ynskjer på desse høgtidsdagane. Det er ikkje tilfeldig at vi pyntar med englar desse dagane.

Lengsel, håp og glede ....

I vår adventstake har vi no tent tre lys, for lengsel, håp og glede. Eg trur vi alle lengtar etter noko større, ei større meining i livet. Vi strevar alle med vårt og kanskje gløymer vi at livet er akkurat alle desse dagane som går. Kvar dag er ein del av livet og du bestemmer sjølv kva du skal fylle dei med. Livet er opp og nedturar for alle. Det er det som er livet ! Jula kjem her med håp, håp om å fylle alle desse dagane i livet på best mogleg måte og med masse glede, men vi må kunne ta det imot og gjera noko med det.

Steinbukken ber deg om å ta ansvar for deg sjølv og setja grenser for det som ikkje er bra for deg, men det handlar og om å ta ansvar for andre som treng din støtte eller hjelp i samfunnet. Jordteiknet ber deg om å vera jorda, ha bakkekontakt, og ha kontakt med kroppen din slik at du kan vera her og no.

... og fred 

Håpar du kan gje deg sjølv litt tid til refleksjonar og stille tid. Du har fortent det og naturen inviterar deg til det. Ein skitur, ein gåtur, eller ei stille stund i god-stolen, fylt av fred til å lytte, lytte innover . Kanskje kjenner du på enorm takknemlegheit til livet eller masse glede. Eller kanskje kjenner du på ei uro, eller ein tristheit. Alt er heilt i orden. Vi er alle berre menneske med heile vårt spekter av kjensler. Å kjenne på kjensler betyr ikkje at du er svak, det er ei styrke og kunne vera kjenslemessig ærleg.

For deg som sit aleine av ein eller annan grunn, eller du som er sjuk og ikkje kan koma heim, vit at du er med i tankane med din energi der du er. Vi er alle på eit plan knytta til kvarandre. Du er ikkje aleine, kun i ditt ytre. Eg håpar alle som ikkje ynskjer det, slepp vera aleine desse to mest stille dagane.

God jul kjære deg !