VINTERSOLKVERV
Vi har årets lengste dag i dag 21.12
Sola snur og gjer stadig meir lys og håp om nytt liv
Sola snur og vi går mot lysare dagar. Etter vårjamdøgn i Krepsen sitt teikn i juni, har Sola stadig vorte mindre framme, til vi i dag har årets mørkaste dag i Steinbukken sitt teikn. Kreps og Steinbukk er to sider av same sak.
Sola gjer lys og liv. I Steinbukken sitt teikn og denne mørke tida gjeld det å finne lyset i deg sjølv og halde fast ved det. Tenne masse lys i heimen og søke stillheit i deg sjølv, slik som naturen gjer. Steinbukken er eit teikn for tradisjonar, vi feirar jul og samlar familien og minnast dei som har gått bort.
Tenn lys, og prøv å finne lyset i ditt indre
Søk stillheit, slik som naturen gjer no
Vi forlet ildteiknet Skytten og går over i jordteiknet Steinbukken. I Skytten set vi oss mål og er optimistar og har tru på alt vi kan få til. Ved Nymånen i helga i Skytten kunne du setja deg langsiktige mål, men no gjeld det å få det ned i form. Steinbukken får deg ned på jorda for at det du drøymer om skal materialiserast, det må arbeidas med og skapas.
Steinbukken hjelper deg med å manifestere dine draumar. Hjelper deg til å koma på toppen av fjellet så du får oversikt, steg for steg, trygt og roleg. Slik at du kan få større forståing av deg sjølv og ditt indre, og det som skjer der ute i det ytre.
Når Sola kjem inn i Steinbukken sitt teikn
møter Sola Saturn, som er Steinbukken sin herskar. Det kan vera at du kjenner
på eit alvor og at noko bremsar deg. Saturn
skal vera i Steinbukken til 2020, så du har god tid til å skape det du ynskjer.
Meir om det i eige innlegg.
Den som går med lykt i mørket, han ser ikke stjernene.
Sitat: Hans Børli