Vintersolverv 22.12 -    Det ytre lyset og ditt  indre lys !

21.12.2019

Sola snur, vi ensar håp om meir lys.

"Fall til ro, kanskje er det det som vi treng no. Gje deg sjølv TID. Sjå heile verda falle til ro" (sitat song av  Eva Weel Skram) 

Det er vintersolkverv tidleg på morgon 22.12. Vi har året sin kortaste dag med tanke på ljoset. Ljoset skal etter kvart vinne over mørket att. Vi ser eit håp om at dagane vert lengre for kvar dag , og vi vender blikket etter kvart meir ut. Sola snur og går inn i Steinbukken sitt teikn.

Men kvifor er det slik, kvifor har vi denne mørketida ? 

Jorda vår og naturen vår treng pause, pause frå hard jobbing, frå vekst og blomstring. No ligg den dekt under snøen, under frosten. Jorda vår har trekt seg attende for å kvile og for å gjera seg klar for ein ny vår og ei ny blomstring. Naturen går i syklus. Livet går i syklus. Vi kan ikkje vera på full fart heile tida, sjølv om samfunnet i dag kan virke som om det skal vera slik. Er det noko vi har gløymt i den moderne tid ? 


Kanskje har vi gløymt å trekke oss meir inn i huset, inn i kroppen, inn i sjela for å finne det indre lyset ? For om det ytre lyset har trekt seg attende for ei stund, så betyr det berre at du kan ha meir fokus på ditt indre lys. Vi treng ikkje delta heile tida. Kroppen vår lengtar etter meir stille tid og ro innimellom . Det er tillete å kjenne seg trøytt og sliten og trenge meir ro og kvile på denne tida. Lytte til kroppen, til sjela og til ditt hjarte. Kanskje kjenner du deg sårbar og trist. Trist for at dette året eller livet ikkje vart slik du hadde tenkt ? Hugs og romme alle kjenslene dine. Kva er godt for deg akkurat no ? Det er lov til å trekke seg attende og berre vera, berre lytte. Fyre i omnen, tenne lys i mørket, sjå stjerna i glaset og søke innover. Utan PC, mobil og ytre stimuli heile tida . "Dra krakken bortåt glaset, så set vi øss og ser..."skreiv Prøysen. Bruk naturen, sjå, kjenn og føl. Og lytt til all den fine julemusikken. Det er lov å vera stille, bli rørt, høyre pusten, kjenne pusten. Kjenne at du er til, frå innerst til ytterst. Det er fint å kjenne på ditt indre levande liv og romme alt.

Korleis står det til med din indre hjarte sol ? Korleis kan du best skine no i mørketida ?

Midt imellom jorda vår som kviler her i nord og den funklande stjernehimmelen, der går du. Mens du tittar opp på stjernehimmelen og ser på Månen og Jupiter der oppe, så er du sjølv ei lysande stjerne her på jorda. Din hjartesol kan lyse for alle andre rundt deg. Alle som treng deg. Men fyrst må du kjenne denne hjartesola di, vera i kontakt med den, og ikkje haste vidare. Alltid. Stopp litt opp no, reflekter, lytt innover. Ver takknemleg for at hjartet ditt pumpar blodet rundt og at du kan kjenne at du lever !

Snart kjem lyset meir attende og du vil kjenne deg meir levande og meir deltakande, og du kan kjenne på at du har styrka ditt indre lys. Med å lytte innover, med å våge vera sterk og sårbar på same tid. Før trekte folk seg meir inn i huset, inn i freden og roen og planla såing og gjødsling i den nye våren som skulle koma. Men dei viste at dei skulle gjennom vinteren fyrst. Bygge seg opp, kvile. Gå litt på sparebluss. Fylgje syklusen.

Når Sola no går inn i Steinbukken sitt teikn er vi på toppen av fjellet, toppen av horoskopet. Vi har sådd frø og samla visdom sidan Sola var i Væren ved vårjamdøger. Ved sommarsolverv i Krepsen sitt teikn, som er det motsette teikn av Steinbukken , stod vi i full blomstring. No er vi på toppen av fjellet, ved slutten av året 2019, og er klar for å stige ned og dele all kunnskap og visdom med andre. Full av erfaring på godt og vondt, så litt evaluering har sin plass i denne tida. Evaluering av korleis året har vore for deg. Men hugs, vi kan legge det gamle som ikkje fungerte bak oss, og ta med oss det vi vil inn i det nye året. Gå vidare med nytt mot. Så nye frø, litt klokare og litt meir vis. Vis på kva som er fint for deg akkurat no.

Til den ytre sola gjer oss meir og meir lys og nytt liv, kan du no kjenne på din indre hjartesol. Styrk ditt indre, ver raus mot deg sjølv og andre ! Ver sjølv eitt lys i mørket. 

Gje deg sjølv TID no i julegave! Tid til å falle til ro. Kanskje er det det vi alle treng no ! 


Når hele himmelen faller ned

Tekst Anne Grete Preus

Når eg har skrivi dette tenker eg på songen til kloke, sterke Anne Grete Preus. Eg er veldig glad i den. Lytt gjerne til den. Her får du teksten:

«NÅR HELE HIMMELEN FALLER NED»

AV ANNE GRETE PREUS

Det snør himmelsk korrekturlakk

Over feilstavet sommer

Og hør bylarmen forsvinner

Under dalende flommer

Vi har hørt at ingen snøfnugg er like

Og sånne under kan en tenke på en stund

Jeg lener hodet helt tilbake

Og får et iskyss på min munn


Det snør stumme stjernesøstre

Fra usynlige munner

Og ør av angrepet fra myldrende lydløse sekunder

I dag inntas jorden av en himmelsk hær

Uten våpen tvinges hele byen i kne

Alt går litt langsommere her på jorden

Når hele himmelen faller ned


Takk for den unyttige snø

Til bry og til besvær

Nå inntas jorden av en himmelsk hær

Uten bomber og granater

Tvinges hele byen i kne

Alt går litt langsommere her på jorden 

Når hele himmelen faller ned